1. Vad är Borealium?
Borealium / borealium.org er ein nettstad som samlar informasjon om språkteknologiske verktøy for dei små språka i Norden. Små språk (språk med få talarar) blir i denne samanhengen rekna frå islandsk og nedover, og inkluderer dei fleste talespråka med ein eller annan form for offisiell status i dei nordiske landa. Målet er å ha ein nettstad der ein kan finna all informasjon ein treng for å kunna bruka eit språk digitalt, og at informasjonen skal vera uttømande — om det ikkje står at verktøy X finst for språk Y, så betyr det at det ikkje finst eit slik verktøy, og ikkje at nettstaden ikkje er oppdatert.
Det viktigaste er at verktøyet finst.
Borealium er teknologi- og utviklarnøytral, det viktige er ikkje kven som har laga eit verktøy eller på kva slags måte det er laga, det viktigaste er at verktøyet finst, og at det skal vera lett å få informasjon om det - kva det er og korleis ein tek det i bruk. Med det sagt så er ein svært stor del av verktøya som er tilgjengelege der utvikla av språkteknologimiljøet i Tromsø, Noreg. Det er to grupper ved Institutt for språk og kultur ved UiT Noregs arktiske universitet, Divvun-gruppa og Giellatekno-gruppa, som i samarbeid med kvarandre og andre har utvikla det meste av den språkteknologien som finst for samiske språk, kvensk, meänkieli, romanispråk, færøysk og grønlandsk. Og det er Divvun-gruppa som driv nettstaden borealium.org.
På nettstaden finst det informasjon om tastatur for datamaskiner og mobiltelefonar, stavekontrollar og grammatikkontrollar, elektroniske ordbøker, maskinomsetjing, talesyntese og talegjenkjenning, i tillegg til hjelpemiddel for å læra seg språk.
2. Varför behövs språkteknologi för små språk?
Både verda i dag og i morgon er digital, så språk som ikkje kan brukast digitalt står mykje svakare. Det er eit uttalt mål i den nordiske språkdeklarasjonen at «alle språka som høyrer heime i Norden, lever vidare og blir utvikla i ei tid prega av digitalisering, medrekna kunstig intelligens, internasjonalisering og migrasjon.» Språkteknologi er grunnen som all digital bruk av språk byggjer på: ein treng tastatur for å skriva, ein treng korrekturprogram for å få hjelp til å skriva rett, ein treng taleteknologi for å høyra språket eller kunna prata til digitale apparat.
3. Vilka är de mest använda resurserna?
Det som dei fleste ser etter er informasjon om Divvun Manager, eit program for å installera og automatisk halda alle verktøy frå Tromsø-miljøet oppdatert. Det er i praksis tastatur og stavekontroll for alle språk bortsett frå islandsk — for islandsk finst det fleire alternativ som er utvikla av islendingar, og Tromsø-miljøet driv ikkje aktivt arbeid med det. Divvun Manager installerer òg talesyntese for tre samiske språk: nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Nye språk og nye verktøy blir tilgjengelege i Divvun Manager etter kvart som dei blir klare for lansering.
4. Till vem riktar sig Borealium och vilka använder det mest?
Borealium rettar seg til alle vanlege språkbrukarar i Norden, både enkeltpersonar og organisasjonar av ulike slag, og den sentrale informasjonen er tilgjengeleg på åtte små språk og sju store språk. Meir detaljert informasjon om kvart verktøy er typisk tilgjengeleg på målspråket for verktøyet i tillegg til relevante majoritetsspråk.
Det er fire land og sjølvstyrte område som tydeleg skil seg ut når det gjeld bruken av Borealium: Noreg, Sverige, Færøyane og Finland. Om ein ser på meir spesifikke plassar så er Oslo og Tórshavn i topp, deretter kjem Tromsø og Helsingfors, og så Alta og Stockholm.
5. Hur ser framtiden för de små språken i Norden ut ur ditt perspektiv?
Det viktigaste når det gjeld framtida for dei små språka i Norden er at dei blir brukte i både skrift og tale, og i så måte ser framtida for ein del av desse språka tilfredsstillande ut. Men det er stor variasjon, og det er sjølvsagt stor skilnad på islandsk, eit statsbærande språk i eit sjølvstendig land, jamført med t.d. enaresamisk eller meänkieli.
Berre ved å byggja ein kvardag som er dominert av det eigne språket både privat og ute i samfunnet vil språka ha ei trygg framtid.
Samtidig er presset frå både majoritetsspråka og frå engelsk enormt, så utan ein aktiv innsats og eit positivt syn på minoritetsspråka og urfolksspråka i Norden frå storsamfunnet vil mange av språksamfunna slita. Eit overordna og langsiktig mål med arbeidet i Tromsø er at alle språksamfunna i stor grad skal kunna fungera heilt på eige språk, utan tanke på majoritetsspråka ikring, og la språkteknologi ta seg av kommunikasjonen mot storsamfunnet. Berre ved å byggja ein kvardag som er dominert av det eigne språket både privat og ute i samfunnet vil språka ha ei trygg framtid.